Bergen by vert forandra. Vi vel korleis!

Published 23. april 2020

Jan Erik Kjerpeseth Konsernsjef i Sparebanken Vest

«Det nyttar ikkje å snyte seg når nasa er borte», seier eit gamalt visdomsord frå Svelgen.

Ungane mine ser lengtande inn i det stengde lokalet på Vetrlidsallmenningen, det var her dei fann sin store favoritt: tacokiosken La Taqueria. Den vesle spisestaden vart kåra til «Bergens beste tacosted» av Bergens Tidende, men trass i strålande omtale overlevde ikkje La Taqueria den tøffe konkurransen mot kjedene Egon, Deli Deluca og McDonalds. Lokalet står endå tomt, og skiltet heng der to år seinare som ei påminning om at sjølv for den som lagar byens beste taco er det krevjande å lukkast med å setje farge på Bergen sentrum.

Norges mest attraktive by

I 2019 kåra regjeringa Bergen til Norges mest attraktive by. Sjølve konklusjonen var inga overrasking for oss som bur her, men Stavanger-arkitekt og juryleiar Alexandria Ålgårds si vurdering er like fullt inspirerande: «Bergen er eit forbilde og viser at byutvikling er eit heilt sentralt verktøy for å fremme god samfunnsutvikling. Her skal fleire kunne bu, arbeide og leve i gå avstand til det meste».

Det vakre med Bergen sentrum er at det er eit reelt sentrum: Her opnar vi Festspillene, her feirar vi 17. mai, her går vi på kino, her kjem deltakarane i Bergen City Marathon og 7-fjellsturen i mål, det er her Bob Dylan og Rihanna held konsert. Det er her vi møtes. Det er her det skjer. Vi har ein levande by med sjel og særpreg andre byar misunne oss.

Mykje av det som gir særpreg til byen er no i fare for å gå med i dragsuget til det som det internasjonale pengefondet (IMF) peikar på kan bli den verste økonomiske krisa sidan 1930-talet. Eg trur IMF kan få rett, og eg er redd vi endå ikkje heilt forstår kva kombinasjonen av koronakrisa og ein oljepris på rundt 30 dollar vil bety for Vestlandet. Det vi opplevde ved oljeprisfallet i 2015 kan bli smått i forhold til det vi må stålsette oss for no.

Kollaps i sentrumsnæringa

Siste veka i mars hadde restaurantnæringa mista 76 prosent av si omsetning samanlikna med 2019. Tala for april vert enno styggare.

Slik er det for alle verksemdene som gir Bergen sjel og særpreg. Sportsklubben Brann risikerer å miste ein heil sesong med billettinntekter. Samtidig står seta på DNS, Det Vestnorske Teateret og Ole Bull Scene tomme. Festspillene, Bergenfest og Nattjazz er avlyst, endra eller utsett. Både Bergen City Marathon og 7-fjellsturen må vente til hausten. Bergen, byen som har spesialisert seg på folkefest og opplevingar, er no fullstendig stengt. Vi må erkjenne brutale fakta: Korona-konsekvensane kan verte dramatiske for Norges mest attraktive by. Verksemdene som gjev byen sitt særpreg kjempar no for livet. 

Eit kraftfullt sentrum, er konkurransekraft

Aldri har det vore viktigare å støtte opp om lokalt kultur- og næringsliv. Medan vi alle ventar på å få kvardagane våre tilbake: Tenk grundig over kva du set pris på med byen din. Kven du tenkjer at byen ville vore fattigare utan? Kva kan være ditt bidrag for å sikre at tilbodet også består når byen din sakte men sikkert vaknar til liv igjen? Jens Kihl har heilt rett i sitt innlegg fredag i at lokale politikarar no må samle seg om målet om eit rikt og levande sentrum. Men vit at det er våre val som innbyggjarar som veg aller tyngst. 

Det er ikkje berre vår eigen trivsel som står på spel, det er vår framtidige konkurransekraft vi kjempar for. Eit godt by- og lokalmiljø er avgjerande i den globale konkurransen om kunnskap. Bergensregionen har alt som skal til for å bli ein av dei mest nyskapande regionane i Europa, men for å vere attraktiv for nyutdanna og den beste kompetansen, er vi heilt avhengige av eit levande, inspirerande bysentrum.

Så om du har mogelegheit. Støtt det lokale næringslivet du set pris på. Lat oss stille enno litt fleire på Stadion sjølv om det regnar og Brann ligg midt på tabellen. Lat oss kjøpe teaterbillettar og festivalpass så tidleg vi kan. Gå på ein ekstra konsert på Ole Bull Scene. Kjøpe ein «take-away» hos ein restaurant du set pris på og som slit for å overleve. Lat oss bruke Norges mest attraktive by denne sommaren som aldri før, no når alle tilreisande gjester og turistar er borte. 

Vår by vart kåra til landets beste. Ikkje berre fordi politikarane har gjort viktige vedtak om byutvikling, men like mykje fordi alle vi som bur her gjer det mogleg å skape arbeidsplassar, aktivitetar, opplevingar og tenester med særpreg, og som berre finst akkurat her, akkurat i vår by. Fordi VI har gjort det mogleg.

Taco til folket!

«Det nyttar ikkje å snyte seg når nasa er borte,» seier altså eit gamalt visdomsord frå Svelgen. Så eg lar ungane få siste ordet og kjøper tacomiddag hos våre heltar på La Taqueria. Dei reiste seg frå konkursen i 2018, og satsa siste rest av sparepengar og pågangsmot med nye lokale på Engen i januar.

Dei kunne ikkje hatt meir uflaks! Selskapet har lite omsetning å vise til før koronakrisa slo inn, difor fell dei utanfor statlege støttetiltak. Difor støttar eg ungane sitt målretta arbeid for å halde liv i «nye» La Taqueria. På jobb er eg svært opptatt av at vi i Sparebanken Vest skal halde fram som sentral långivar, samarbeidspartnar og sponsor for svært mange av byens restaurantar, kulturinstitusjonar og sportsklubbar

Vi er privilegerte som lever i Norge, der kortsiktige, statlege redningspakkar effektivt kjem på plass når krisa rammar. Men vi må ikkje vere naive og tru at det vil vere nok til å redde alt det vi verkeleg set pris på ved denne byen. Den jobben er det vi som bur her som må gjere, saman. Og det hastar. Neste år kan det vere for seint.

Innlegget er også publisert i Bergens Tidende 22. april 2020.